To praksisstudentar i Helse Førde har testa positivt

To praksisstudentar i Helse Førde har testa positivt for covid-19 og som følgje av dette er sju tilsette i helseføretaket i karantene.

Grunna to sjukepleiestudentar har testa positivt og den generelle smitteauken i Sunnfjord er det no 46 tilsette i Helse Førde som er i karantene.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding har to sjukepleiarstudentar som har praksis i Helse Førde testa positivt for covid-19. Det var tysdag at dei fekk stadfesta dei positive prøvene.

Smittevegen skal ifølgje pressemeldinga vere kjent for begge dei to smitta. Alle praksisstudentar vert no fritatt, for å halde kontrollen på covid-19 smitten. Dette vil vare i første omgang i ei veke. Onsdag klokka 08 gjekk Helse Førde i gul beredskap fram til smittesituasjonen i området vert rolegare.

Det er no ei aktiv smittesporing i Helse Førde, og det er no sju av rundt 3000 tilsette i helseføretaket som er sett i karantene som følgje av mogleg nærkontakt.

Helse Førde melder at dei også er påverka av den generelle smitteauken i Sunnfjord kommune og har no totalt 46 tilsette i karantene. Det er fleire avdelingar som er ramma av dette no, men innanfor det nivået som Helse Førde klarer å handtere melder helseføretaket.