Ni nye positive prøver

For andre dagen på rad var ni av dei analyserte prøvene positive viser Helse Førde sine oppdaterte tal.

KORONATAL: Så langt denne veka har 18 av 652 prøver vore positive.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon var det ni positive prøver tysdag. Helseføretaket analyserte då 340 prøver. Dei positive prøvene skal vere tatt i Sunnfjord kommune.