Ni positive prøver

Måndag var det ni personar som fekk stadfesta covid-19 smitte etter at Helse Førde analyserte 312 prøver.

UTBROT I SUNNFJORD: Dei siste 14 dagane har 23 personar i Sunnfjord fått stadfesta covid-19 smitte.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon var det ni positive prøver måndag. Helse Førde analyserte totalt 312 prøver. Alle dei ni positive prøvene kjem frå Sunnfjord. Ifølgje NRK Vestland kan fire av personane som no er stadfesta smitta knytast til klatresenteret i Førde, medan dei andre smitta er nærkontaktar til allereie kjende smittetilfelle.