Bil har hamna utfor vegen

Ein bil har hamna utfor vegen før Lotetunnelen i retning Nordfjordeid.

Det har vore ei trafikkulukke på Lotevegen, melder Vest politidistrikt.   Foto: arkiv

Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at det tysdag klokka 18:04 vart meldt om ei trafikkulukke på Lotevegen på E39.

Ulukka skal ha skjedd i retning Nordfjordeid før Lotetunnelen og eit godt stykke unna ferjekaia. Det skal vere ein bil som har hamna utfor vegen og ned ei skråning, og ligg fast mot eit tre.

Det skal berre vere sjåfør i bilen, og vedkomande skal vere bevisst og vaken.

Naudetatane er på veg til staden.

Vegen ved E39 ved ferjekaia har vore stengt i ei periode grunna trafikkulukka, men klokka 19:00 meldte Vegtrafikksentralen vest at vegen er open med manuell dirigering.