Koronasituasjonen

Positiv prøve i Sunnfjord – ingen i Nordfjord

Helse Førde melder laurdag morgon at av 194 analyserte prøver var det ein prøve med positivt resultat for covid-19 smitte.

Per dato er det ingen innlagde pasientar med påvist cvid-19 smitte ved sjukehusa i Helse Førde. Arkivfoto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Den positive prøven vart teke i Sunnfjord. Helse Førde understrekar at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Helseføretaket melder vidare at det per dato ikkje er innlagde pasientar med stadfesta COVID-19 smitte ved sjukehusa i helseføretaket.