KS vil gi PST ansvaret for tryggleiken til lokalpolitikarar

Kommunenes Sentralforbund (KS) ber om ei lovendring slik at lokalpolitikarar får same vernet mot truslar som rikspolitikarar. Det betyr mellom anna at PST får ansvaret for tryggleiken.

KS-styreleiar Bjørn Arild Gram vil ha betre rettsvern for lokalpolitikarar.  Foto: Terje Pedersen

Nyhende

– Hovudstyret i KS ber no om at lokale folkevalde må innlemmast i paragraf 115 i straffelova om angrep mot verksemda i dei høgaste statsorgana, slik at lokale og regionale folkevalde har det same rettsvernet som nasjonale folkevalde, seier KS-leiar Bjørn Arild Gram til NTB.