Lesarbrev

Er det nokon som tek ansvar?

Mitt råd til alle som skal ta avgjerd i denne saka, er å bruke makta dei endå har til å sette ein stoppar for denne utbygginga snarast mogleg for å avgrense meir skade på det ikoniske landskapet.

Demonstrasjonen vi skulle ha på Stadlandet for å markere motstand mot vindkraft på Okla vart avlyst fordi Covid 19 varsel for Oslo stengte av vår direkte overføring til Eidsvoll plass.  Foto: Privat

Nyhende

Demonstrasjonen vi skulle ha på Stadlandet for å markere motstand mot vindkraft på Okla vart avlyst fordi Covid 19 varsel for Oslo stengte av vår direkte overføring til Eidsvoll plass. Sunn fornuft for oss var dermed å avlyse, dessverre vart dette vedtatt tidleg om morgonen og folk var difor allereie på reise til Stadlandet frå søre Sunmøre og andre deler av Nordfjord. Vi gjennomførte difor ei markering med rundt 40 personar som kom tilreisande. Få personar frå Stad kommune tok seg tid. Kvifor var det mange som lurte på. På denne markeringa var det der i mot andre ting eg la merke til, og stiller meg undrande til.

Grunneigarar sirkla rundt oss som gjedda i sivet, kvifor dei gjorde det kan berre beskrivast som maktdemonstrasjon og at dei er svært nysgjerrige, dei har fått vegen som var deira kime, dei har til og med fått betaling for den. Men dei om det.

Politiet kom også, rett nok har eg orientert lensmann i Stad kommune om at planen var å avhalde ei direkte overføring i fjellheimen, men at dei dukkar opp i slikt ver undrar meg. Eller kanskje ikkje, det vert meg fortalt at Politiet er på jamlege besøk i Borgundvåg i helgane når utbyggar Entreprenørservice frå Førde ikkje er til stades. Kvifor dei gjer det er mildt sagt merkeleg for meg. Lensmann gir oss dei beste skotsmål i måte vi har opptredd på, og vi har gong etter gong sagt at dette må løysast med hjelp av lov og rettferd. Likevel ser det ut som vi ikkje blir trudd. Personleg har eg jobba på anlegg i mesteparten av mitt vaksne liv, og eg har aldri møtt patruljerande politi nokon stad. Og det er på anlegg som har mykje større verdiar enn det som er i Borgundvåg til no. Kva om dei ein og annan gongen dukka opp når vi sa noko, og ikkje berre når utbyggar ringer.

Dei som til gjengjeld er å møte på desse anlegga eg jobbar på er, arbeidstilsyn, ordførar, folkevalde og fylkesrepresentantar som observerer og ser til at alt er i orden. Dei er til dags dato fullstendig fråverande i Borgundvåg. Vi har levert frå oss dokumentasjon på blant anna HMS brot, konsesjonsbrot, utslepp og tjuveri. Men ingenting skjer, alt vert bortforklart og lagt vekk av Ordførar, Statsforvaltar, Fylkesordførar og Lensmann. Sistnemnte på si side fortel oss at det er Politiet i Bergen som legg vekk saker som eg meiner Politiet burde ha handsama. Om det er på grunn av ressursar dei gjer dette, så føreslår eg at dei møter opp like mange gonger som dei som burde møtt opp, men ikkje gjer det.

Fylkesmann/Statsforvaltar, Fylkesordførar, NVE, OED, Storting og Regjering, folkevalde i fylke og kommune ser ut som dei leikar «Per på boks» der det er om å gjere å unngå å bli sett først. Og alle saman er fullstendig fråverande. Skam dykk. Medan alt dette skjer, vert fjella våre destruert for evig tid. Dyreliv står på spel. Nærområde som vi brukar til rekreasjon vert industrialisert. For kva?, skriv Hans Christian Hansen i Stad Landskap.  Foto: Privat

Fordi, når det gjeld anleggskontroll av rette myndigheiter brukar dei særs kort tid når ei sak vert sendt til dei til å fortelje at dei er ikkje rette mynde. Fylkesmann/Statsforvaltar, Fylkesordførar, NVE, OED, Storting og Regjering, folkevalde i fylke og kommune ser ut som dei leikar «Per på boks» der det er om å gjere å unngå å bli sett først. Og alle saman er fullstendig fråverande. Skam dykk.

Medan alt dette skjer, vert fjella våre destruert for evig tid. Dyreliv står på spel. Nærområde som vi brukar til rekreasjon vert industrialisert. For kva?

NRK avdekker stadige nye saker, det same gjer våre aviser. Kva gjer dei folkevalde? Skiftar fokus og unngår problema. Problemet med det er at ved neste val trur eg nok mange av dei må tilbake til sine daglege gjeremål langt unna politikken, men innan den tid er mykje allereie så øydelagt at det vert vanskeleg for dei som kjem inn etterpå.

Etter 16 år lang sakshandsaming startar dei no endeleg med å sjekke grunnen dei skal bygge på, rett nok gjer dei det fordi dei fant dårleg fjell som tilsynelatande ikkje kan brukast til vegbygging, og det vert sagt at dei no må skipe inn tusenvis av kubikkmeter med stein. Den kan berre fraktast med båt, eller med bil frå Nordfjordeid. Det vert klimagevinst det. Mange tusen lastebillass frå Nordfjordeid. Rett nok er ingenting stadfesta, men logikken tilseier at fjellet er likt over det heile. Og både i Eltvik og Honningsvåg er ras på grunn av rote fjell ikkje nokon uvante opplevingar. Kor vart det av den skikkelege konsekvensutgreiinga? Den var så god at den vart forkasta. Og no sit dei att med skamma. Arbeidarane har sjølve sagt at det har vore for dårlege undersøkingar av den massen og det fjellet dei skal jobbe med. Men våre politikarar og offentlege sakshandsamarar påstår at alt har gått rett føre seg. Mon tro om nokon tar på seg ansvaret for dette.

Mitt råd til Falck må vere å terminere kontrakta med Sogn og Fjordane energi og saksøke dei. Mitt råd til alle andre som skal ta avgjerd i denne saka er å bruke makta dei endå har til å sette ein stoppar for denne utbygginga snarast mogleg for å avgrense meir skade på det ikoniske landskapet.