Det blir hingsteutstilling i år

Norges Fjordhestlag kunngjer no at det blir hingsteutstilling på Nordfjordeid i mai i år - men utan publikum.

Det blir hingsteutstilling på Nordfjordeid i mai i år - utan publikum. Her er det Fjelltor som gjekk til topps med glade eigarar og oppdrettarar.  Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

På grunn av koronasituasjonen valde ein i fjor å avlyse den lange tradisjonen med hingsteutstilling. Det har vore arrangert hingsteutstilling for fjordhest på Nordfjordeid sidan 1886. Bortsett frå nokre få år før 1965 der utstillinga var andre stader på Vestlandet, har det vore utstilling kvart år.