Gir overskotsmidlar til reiseliv og fond for utsette kommunar

Vestland fylkeskommune gir til saman 10,9 millionar kroner til næringsutviklingstiltak for å dempe verknaden av koronapandemien.

Vist Nordfjord får 800.000 kroner av overskotsmidlane til Vestland fylkeskommune for å dempe verknadane av koronaepedimien.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Grunna utfordringane for næringslivet under koronakrisa bestemte Vestland fylkeskommune i fjor å dele ut midlar frå rekneskapsoverskotet for 2019. Utval for næring vedtok i ekstraordinært møte i dag kva dei resterande midlane av dette overskotet skal gå til.