Sjuande dagen på rad med positiv prøve

Onsdag fekk ein person stadfesta covid-19 smitte etter at Helse Førde analyserte 193 prøver.

Så langt denne veka har fem av 704 analyserte prøver vore positive.  

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 193 covid-19 prøver, og ei av desse var positiv. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Ifølgje helseføretaket er den positive prøva tatt i Sunnfjord. Dette er den sjuande dagen på rad der Helse Førde har analysert minst ei positiv prøve.