Valkampen er i gang

Svartmaling av politireforma og politiet kan politikarane ta ein annan stad. I Sogn og Fjordane var 2020 «best ever» for lokalt politi.

Arne Johannessen er politiinspektør og leiar driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt. 

Nyhende

Ikkje alt er perfekt med politireforma, eller andre offentlege reformer, som ofte fører til sentralisering. Men som politileiar reagerer eg kraftig på den systematiske nedsnakkinga av politireforma frå enkelte politiske parti inn i valkampen 2021. Det er ingen tvil om at konsekvensane av politireform er ulik rundt om i landet. Ein ser også at lensmannskontoret som institusjon har hatt ein sterk posisjon i lokalsamfunna, og det har ført til ein desentralisert busetting av polititilsatte, som har ein verdi i seg sjølv.


Innlegg

Politiberedskap er meir enn ord

Justisminister Monica Mæland skriv innlegg om politiberedskap på Vestlandet med tittelen «God politiberedskap i Vest». Det meste av sjølvskrytet frå statsråden handlar ironisk nok om Austlandet.


Men det er viktig å ta innover seg at kriminalitetsbildet er i stadig endring og at det ikkje er talet på politibygningar som er suksessfaktoren for kvaliteten på vårt arbeid. Svært mykje i politiet har fått ein betydeleg kvalitetsheving. I møte med tilpassa politisk retorikk og forvridd situasjonsforståing, er det behov for at eg kjem på bana med nokon faktaopplysningar frå politiet i Sogn og Fjordane for at våre innbyggjarar skal få best mogleg grunnlag til å gjere seg opp si eiga meining.


Innlegg

God politiberedskap i Vest

Når det verste skjer, må vi være trygge på at vi har et politi som raskt forstår hva som skjer, og som rykker ut og hjelper oss. Politiet har vært en budsjettvinner i alle budsjettene under denne regjeringen, og i budsjettet for 2021 foreslås det største permanente bemanningsløftet for politifolk i moderne tid. Dette vil også styrke politiberedskapen på Vestlandet.


Politiet i Sogn og Fjordane har, som ein del av Vest politidistrikt, lagt vårt beste år bak oss:

  • 9 nye politistillingar i 2020 (ingen kan hugsa når me fekk ein sånn vekst på eit år)
  • 19 nye politibilar vert tildelt i 2021, det er meir enn me har fått til saman dei siste 10 åra.
  • 6 nye moderne politihus i 2020/2021 (Fjaler, Førde, Gloppen, Årdal, Lærdal og Aurland).
  • Utviding av den aktive polititenesta (som betyr meir synleg politi og betre beredskap), særleg i Sunnfjord og Sogndal regionen.
  • Felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt (som er resultat av politireform) er ein suksess og ferdigstiller raskt og effektivt ca. 50 prosent av Sogn og Fjordane sine saker.
  • Ein ny og større operasjonssentral leverar kvalitet på eit høgare nivå, sjølv om det er store utfordringar med tilgjengelegheit via 02800.
  • Felles nettpatrulje for heile Vest, svært viktig og godt tilbod, særleg for ungdomen. Dei handsama over 3200 meldingar i 2020.
  • Eige avdeling av Barnehuset i Sogn og Fjordane, Førde.
  • Oppklaringsprosent på 72,2 .
  • Betre systematikk på førebyggjande arbeid basert på kunnskap og etterretning.
  • Nedgang på restansar (gamle saker over 6 og 12 mnd).
  • Betring av resultata innanfor prioriterte områder som valdtekt, vald i nære relasjonar, ungdomssaker og grov vald.

Min oppsummering av 2020 til mine gode medarbeidarar var "best ever". Summen av dette betyr betre tenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Då vært det frustrerande å høyra politikarar snakka ned det gode arbeidet som gjerast. Etter at me har stått i krevjande omstilling i fleire år, og leverar betre resultat enn nokon gong, bør politiske parti reflektera over korleis retorikken deira påverkar både tilsette og publikum. Svartmalinga kan også påverka tryggleikskjensla til dei som bur her, og det på totalt feil grunnlag.

Med dette innlegget ynskjer eg lukke til vidare med valkamp for alle politiske parti. Eg stiller gjerne opp med meir faktaopplysningar, sjølv om det kanskje kan øydeleggja litt for politisk retorikk og eigne kampsaker.