Tre nye positive prøver

Helse Førde analyserte tysdag over 300 prøver og tre av dei var positive.

Så langt denne veka har fire av 511 prøver vore positive, ifølgje Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 314 prøver, og tre av desse var positive. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte koronatal onsdag morgon. Dei tre positive prøvene skal vere tatt i Sunnfjord.