Kven vil vi vere, Sogn og Fjordane?

Under eit år etter at Vestland fylke er etablert, har Senterpartiet sett seg som mål splitte opp det nye fylket og gå tilbake til gamle Sogn og Fjordane. Det er ein dårleg idé!

Olve Grotle er lsitetopp for Høgre i Sogn og Fjordane ved det komande Stortingsvalet,   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Vestland fylke blei etablert frivillig etter eit overveldande fleirtal i begge dei tidlegare fylkestinga, og det har blitt nedlagt eit svært omfattande og resurskrevjande arbeid med å etablerte den nye fylkeskommunen. Å tenkje seg ei tilbakespoling av dette nå, er urealistisk. Ei oppsplitting av det nye fylket har heller ikkje støtte i det nye fylkestinget – eller for den del sentrale rikspolitiske miljø. Tvert om. Til og med Senterpartiet i Hordaland er mot å løyse opp det nye fylket! Og om ikkje det var nok: Det er heller ikkje råd å attskape Sogn og Fjordane slik det var. Berre det faktum at Sogn og Fjordane sine store inntektskjelder ikkje lenger eksisterer, viser det. Fjord1 er selt og aksjane i SFE er delt ut til kommunane. Sett i lys av alt dette vil det einaste ein oppnår med å prøve reversere Vestland fylke, vere å stikke kjeppar i hjulet for det nye fylket vårt.

Idéen om å reversere Vestland fylke er altså dårleg av fleire grunnar. For meg har saka òg ei anna side viktig side; Kven vil vi i Sogn og Fjordane vere, og korleis ønskjer vi å bli oppfatta?

Då spørsmålet om å etablere eit større fylke på Vestlandet blei aktualisert, tenkte eg som ordførar at vi straks måtte meir på bana. At vi måtte ta kontakt med Hordaland og Bergen, knytte sterkare kontakt og få fram alt det vi har å spele på – ikkje minst det store framtidspotensiale vi har i regionen vår. Som følgje av dette blei det gjennomført mange møter med sentrale politikarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar frå Bergen og Hordaland. Og eg innrømmer det gjerne; kunnskapsnivået om Sogn og Fjordane var ikkje alltid på topp. Ein ting var likevel klart. Vi møtte på stor interesse – og etter kvart – sterkare og sterkare vilje til å knyte band, inngå samarbeid og å satse i Sogn og Fjordane. Dette har sjølvsagt gått den andre vegen òg. Eg sjølv, og mange med meg, har alt hatt stor nytte og verdi av å bli betre kjent med naboane våre i sør, og ikkje minst få betre kunnskap om kva som skjer der.

Dette har hatt som resultat at vi har fått eit langt sterkare fellesskap med Bergen og Hordaland enn vi har hatt før. Regionen vår har fått større relevans, opplevd verdien av å kome inn i nye og fleire miljø, fått tilgang på større og sterkare fagressursar, og vi har blitt satsa på. Ei oppløysing av nye Vestland fylke vil – både praktisk og idémessig – rive ned alt dette. Vi vil òg fjerne sjansen vi nå har til å vere ei felles, sterk vestlandsstemme overfor hovudstadsmiljøet – og til å flytte makt hit. Skulle vi sjå ei tendens til oppsplitting i mindre fylke, vil dette òg svekke oppslutninga om det fylkeskommunale forvaltningsnivået. I Høgre vil til dømes krafta og musklane fylka har til å ta på seg større og viktige samfunnsoppgåver, ha mykje å seie for om det er ønskjeleg å ha eit fylkeskommunal forvaltningsnivå i framtida.

Omkamp om Vestland fylke vil òg gå utover omdømmet vårt, og ikkje minst sjansen til å etablere samarbeid i framtida. Kven vil neste gang bruke tid og krefter på å bygge forpliktande fellesskap med oss dersom vi nå – utan ein gang å gi Vestland fylke ein reell sjanse – berre trekkjer oss frå det heile? Og kva bilde vil bli skapt av oss dersom vi nå skal trekke oss tilbake til oss sjølve, og attskape eit av dei minste fylka i landet?

Vestland fylke er ikkje perfekt – og alle mål og visjonar med det nye fylket er ikkje oppfylt. Men dette må møtast med gode initiativ og sterkare samarbeid, ikkje avvikling og tilbaketrekking til oss sjølve. Sogn og Fjordane er ikkje tent med å vere seg sjølv nok. Vi kjem best ut av det i forpliktande samarbeid og fellesskap med andre. Fordelane med det er rett og slett større enn ulempene.