Kven meiner du skal få Luttprisen

No skal årets artist frå Sogn og Fjordane 2020 kårast. Du kan no seie di meining om kven som bør få prisen.

-No håpar eg at publikum vil røyste på sine favorittar til å bli årets artist. Det er plukka ut ti finalistar som no skal kjempe om å vinne, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

- Eg meiner det er viktigare enn nokon sinne å dele ut denne prisen dette året. 2020 har vore eit veldig utfordrande år for musikarane våre. Kanskje kan ein slik pris vere med på å inspirere til å halde fram. Det seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle. Han meiner det musikalske året har vore godt, trass i alle utfordringane under pandemien.

Tradisjonsrik pris

Heilt sidan 2006 er denne prisen delt ut til artistar frå Sogn og Fjordane. Til vanleg har den blitt tildelt under ein stor musikkfest. Prisen er blant anna delt ut saman med Kringkastingsorkestret på Nordfjordeid, på scena i ein aluminiumshall i Høyanger og i kulturhus i Sogndal, Sandane og Førde. Dei siste åra er den delt ut under Luttfest frå Larris scene i Førde.
-Men i år er det umogleg å arrangere ein slik stor folkefest for å dele ut prisen. Vi i festivalen har snudd alle steinar, og har klart å finne ein måte der vi likevel kan dele ut Luttprisane, seier dagleg leiar i Luttfest Svein Inge Bjørkedal.

Digital utdeling
Det er den femtande Luttprisen som blir delt ut i februar. Tidlegare har artistar som Sigrid Moldstad, Kjartan Lauritzen og Eva Weel Skram fått prisen. I år vert prisen delt ut digitalt utan publikum i salen. Utdelinga vert direktesendt på radio i NRK og på nett-tv hjå fleire lokalaviser i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Der vert det delt ut Luttprisar til årets artist, årets nykommar og til årets bakom-person.

-No håpar eg at publikum vil røyste på sine favorittar til å bli årets artist. Det er plukka ut ti finalistar som no skal kjempe om å vinne, fortel prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

Desse kan vinne

Dei ti finalistane er SOFIA, Odd Einar Nordheim, Eva Weel Skram, Tungevaag, Odd-Erik Lothe, Alexander Pavelich, Erlend Apneseth, Sissel Marie, Oselie og Tyyl! Dette er artistar som har både lokale, nasjonale og internasjonale karrierer. SOFIA er blant dei mest spelte i norsk radio det siste året, Odd Einar Nordheim kom med nytt album og strålte under Stjernekamp. Eva Weel Skram var ein av dei mest aktive norske artistane med ny musikk og ein stor juleturne trass alle odds. Tungevaag frå Stad er ei internasjonal stjerne med millionar av avspelingar av låtane sine og Odd-Erik Lothe har med sitt nye album fått mykje speling på norsk radio. Alexander Pavelich har både laga, sunge og produsert store hits og Sissel Marie imponerte med sitt debutalbum. Oselie gjorde det same med sine radiolåtar i 2020 og Tyyl! gav ut eit nytt, sterkt og rocka album på sognadialekt.

Hard konkurranse
-Det er sterk konkurranse om sigeren her. Det umogleg å spå om favorittar. Det einaste som er sikkert er at dette blir tett, seier Bjørkedal og Takle som i dag opnar for at du kan røyste fram til og med fredag 29. januar. Dei to andre prisane er det fagjuryen som avgjer utan publikumsrøyster.

Samarbeid

Luttprisen er eit samarbeid mellom NRK, lokalaviser i Sogn og Fjordane og festivalen Luttfest. Premien er stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest sine eigarstiftingar. I år vert prisane delt ut under ei direktesendt digital utdeling utan publikum midt i februar.


FAKTA:

Desse har fått Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane tidlegare:
2019 – Erlend Apneseth
2018 – Thea Hjelmeland
2017 – Kjartan Lauritzen
2016 – Eva Weel Skram
2015 – Good Time Charlie
2014 – Thea Hjelmeland
2013 – Karl Seglem
2012 – Vreid
2011 – Eva Weel Skram
2010 – Sigrid Moldestad
2009 – Håvard Lothe
2008 – Genereous Days
2007 – Sigrid Moldestad
2006 – Eva Weel Skram