‒ Her har vore mange nysgjerrige

Det er ein ny kvardag for Turid Huneide og dei andre tilsette ved overgangen frå Esso til Circle K.  

Nyhende

Starta opp med Esso bensinstasjon for 48 år sidan

Siste dag for Esso på tysdag

Tysdag 5. januar vil Esso på Nordfjordeid gå over til å bli Circle K. Jostein Hundeide held fram som dagleg leiar i bensinstasjonen på Nordøyrane.


‒ Her har vore mange nysgjerrige innom, og vi har fått mykje skryt. Det seier ei smilande Turid Huneide, som saman med resten av gjengen opna dørene og tok imot kundar i den nyoppussa bensinstasjonen på Nordøyrane i dag.

Turid fortel at det er nye system og mykje nytt å setje seg inn i no ved overgangen til Circle K, men det er kjekt med fornying. No har dei mellom anna Peppes Pizza på menyen, noko som kundane allereie har vist at dei set pris på.


Jostein Huneide:

– Det har til tider vore tøft, men vi har fått det til

– Etter 26 år ser eg fram til å ruste opp bensinstasjonen, men eg legg ikkje skjul på at det blir litt vemodig å ta ned Esso-skilta.



‒ Det har vore litt kaos ved pumpene. Kulden har skapt litt forviklingar når det gjeld drivstoffet, men elles har det gått bra, fortel Kai Haugland(t.h.) 

Jostein Huneide er glad for å kunne fjerne skiltet med stengt. Bensinstasjonen har vore stengt i fem dagar, medan verkstaden har vore open.