Helse Førde:

Tre nye har testa positivt

Så langt denne veka har Helse Førde analysert 665 prøver og fem personar har testa positivt.
Nyhende

Tysdag 12. januar analyserte Helse Førde 438 prøver, og tre av desse er positive. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Ifølgje helseføretaket er dei tre positive prøvene tatt i Stryn og Sunnfjord.