Framleis ingen influensa i Noreg

(NPK-NTB): Influensasesongen har enno ikkje starta, mykje på grunn av koronarestriksjonane. Men det er ikkje berre godt nytt, åtvarar Folkehelseinstituttet (FHI).

I oktober i fjor presenterte FHI-sjef Camilla Stoltenberg influensavaksinen for denne sesongen. Men til no er det uvisst om det har vore eit einaste tilfelle av influensasmitte.  Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nyhende

Til vanleg startar influensasesongen smått i veke 40 og varer til rundt veke 20. Men influensasesongen 2020–2021 har framleis ikkje starta, ifølgje instituttet.