Færre skolar med få elevar

(NPK): Frå 2010 har talet på skolar med mindre enn 100 elevar gått ned med nesten 22 prosent. Samtidig har det vore ein auke i skolar med meir enn 500 elevar på 56 prosent.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det blir færre skolar med få elevar.   Foto: Berit Roald/ NTB/NPK

Nyhende

Tal frå SSB viser at det blir færre skolar der elevtalet er under 100. Statistikken over elevar i grunnskolen viser at det i 2010 var 3.028 grunnskolar her i landet, medan talet hadde gått ned til 2.276 i 2020. Det vil seie at det har vorte 725 færre skolar på ti år.