Vogntog sperrar vegen

Eit vogntog har problem på vinterføret på fylkesveg 620 på Kjøde i Stad kommune.

Eit vogntog sperrar for større køyretøy på fylkesveg 620 Kjøde i Stad kommune.  Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Vegtrafikksentralen Vest opplyser at vogntoget med problem sperrar for større køyretøy.

Men det skal vere mogleg å passere for mindre køyretøy.

Fylkesvegen er no stengt på grunn av bilberging, men personbilar kan passere, opplyser Statens vegvesen.


SISTE:

Vogntoget er berga og vegen er no open for fri ferdsel, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.