To vogntog støtte saman på Kjøs

To vogntog støtte saman på E39 i krysset ved Kjøs bru tysdag kveld.

Naudetatane rykka ut då to vogntog køyrde i hop ved Kjøs bru tysdag kveld.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Naudetatane rykka ut, og politiet i Møre og Romsdal meldte at det ikkje var snakk om alvorleg personskade.

Dei to vogntoga skal ha hatt lav fart på E39 i krysset ved Kjøs bru, og begge vogntoga kom seg etter kvart inn på kontrollomma ved Kjøs. Ulykka skjedde litt før klokka ni tysdag kveld.

Vegen er open, men der er ein del oljesøl på staden, åtvarar politiet.

I følgje Fjordingen skal begge vogntoga ha kome i retning frå Nordfjordeid og skulle svinge av i retning Grodås. Det første vogntoget stoppa i krysset for møtande trafikk. Vogntoget bak klarte ikkje å stoppe på det glatte føret, og køyrde inn i vogntoget framfor seg.