Lastebil hamna i grøfta

Vest politidistrikt har fått ei melding om ei trafikkulukke på Seljevegen tysdag morgon.

Politiet er på veg til Seljevegen etter melding om ein lastebil som har hamna i grøft.   Foto: ARKIV

Nyhende

Vest politidistrikt fekk klokka 07:38 tysdag morgon ei melding om ein lastebil som har hamna i grøfta ved Seljevegen. Det er ikkje kjent kva årsaka til ulukka er.

Politiet er på staden, og melder at lastebilen står på skrå inn mot fjellveggen. Det er ingen personar eller førar ved bilen då politiet er på staden, og lite som tyder på personskade.

Ifølgje politiet er lastebilen også ein brøytebil, og førar er kjent men ikkje kontakta. Det er bekrefta ID gjennom entreprenør. Politiet varslar at dei vil ta kontakt med vedkommande etter kvart.

Ifølgje politiet kan annan trafikk passere på staden.