Måndag presenterte NRK seks artistar med kvar sine låtar som er kvalifisert til MGP finalen på førehand. Finalen går av stabelen 20. februar. Dei seks som er kvalifisert, men som skal opptre i kvar si delfinale, er Atle Pettersen med World On Fire, Kaja Rode med Feel Again, KEiiNO med Monument, Rein Alexander med Eyes Wide Open, Stavangerkameratane med Barndomsgater og TIX med Ut Av Mørket.
På ein av desse låtane, nemleg Atle Pettersen sin låt World On Fire, er ein av låtskrivarane Alexander Pavelich. I tillegg til Pavelich er også Atle Pettersen, Jesper Borgen, Magnus Clausen og Petter Daniel Newman med når det gjeld kreditering av tekst og melodi.
Dette er ikkje første gong Pavelich er med som låtskrivar i MGP samanheng. I fjor var han også med som låtskrivar i svenske Melodi Grand Prix, som vert kalla Melodifestivalen. Det var med låten Talking In My Sleep», som gjekk heilt til finalen i den svenske versjonen, at Pavelich var med som låtskrivar. Paul Rey var artisten som framførte låten.