Mot valskred i Sogn og Fjordane ved valet til hausten

Meiningsmålingar tyder på at ein politisk tsunami har råka det tidlegare fylket. AP står i fare for å misse sikker stortingsplass for første gong på nesten hundre år. Sp får to av dei tre faste.

Tilbake: Erling Sande 

Nyhende

Vi er no vitne til ei dramatisk endring i det politiske landskapet, som vi aldri har sett maken til. I ei fersk meiningsmåling i aviser i Sogn og Sunnfjord får SP over 40 % oppslutning, medan AP ligg under 20 %, med H nokre prosentpoeng bak. Dei andre partia ligg milevis bak dei tre. Særleg for AP er dette ei sjokkmåling, partiet har aldri hatt ei så låg stortingsmåling før.