Hafsås forlengjer med Eid

Eidtrenar Dan Jøran Hafsås forlengjer med Eid, og er klar for å halde fram som trenar for A-laget og trenarrettleiar.

EIDTRENAR: Dan Jøran Hafsås er klar for to nye år som hovudtrenar for Eid sitt A-lag.   Foto: OLIN MARIA YRI

Eg er godt fornøgd med avtalen som er god for begge partar.

Nyhende

I desember rundt juletider vart det klart at Dan Jøran Hafsås forlengjer kontrakten med Eid. Hafsås har signert for to nye år som hovudtrenar for Eid sitt A-lag, og har også forlenga som trenarrettleiar. Dette kjem fram på Eid Fotball si Facebook side.