Flotte resultat under Hodlekverennet

Elleve langrennsutøvarar frå Eid IL gjekk inn til flotte tider under Hodlekverennet i Sogndal denne helga.

I FULL FART: Lavrans Bjelland Nøstdal i fint driv, medan trenar, Knut Tore Nes Hjelle studerer teknikk og heiar på sidelinja. Alle frå Eid stilte med nye skidressar, og var ekstra motiverte.   Foto: Eid Il SKI

Nyhende

Søndag vart det arrangert SSF Cup Hodlekverennet 2021 ved Sogndal Skisenter. Rennet gjekk i klassisk stil og var teljande for både rekrutt (11 til 16 år) og junior i SSF Cupen.