Meir til oppgradering av fylkesvegar

NPK. Takka vera ei ekstra løyving frå Stortinget på tampen av året i fjor, kan fylkeskommunane no søkja om ekstra pengar til oppgradering av fylkesvegar.

Arkivfoto, fylkesvegen til Torheim 

Nyhende

Til saman er ekstraløyvinga til vedlikehald av fylkesvegar på 400 millionar kroner.

– Dette er tiltak som kjem i tillegg til prosjekt og tiltak som allereie er planlagde for 2021 av fylkeskommunane. Difor fører dette til endå meir vedlikehald av fylkesvegane. Mange stader er det eit stor behov for oppgradering. No har fylkeskommunane ein gyllen sjanse til å få ekstra midlar til dette, som dei har spurt etter mange gonger, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.