Køyrde inn i bil bakfrå

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Laurdag ettermiddag køyrde ein bil inn i ein annan bil bakfrå. Dette skjedde på Nordfjordeidsida av Lotetunnelen. Det er ikkje meldt om personskade i samband med hendinga, og politiet rykte ikkje ut.

Det er snøføre og glatt på vegane.

Kurt Hammerø ved Stad lensmannskontor melder om at det stort sett har vore ei stille og roleg helg. Politiet vart kalla ut i samband med redningsaksjonen der eit skip hadde mista motorkraft på Stadhavet, men den situasjonen løyste seg før dei var framme.