Gulsporven er Årets fugl 2021

Gulsporvhannen er i hekketida eit vakkert syn, med den fargesterke fjærdrakten sin dominert av gule og raudbrune tonar. Arten kan også kjennast lett igjen for sin karakteristiske song, som vil vere til god hjelp i den nasjonale kartlegginga av arten i 2021. Foto: Jan Erik Røer / Norsk ornitologisk forening 

Nyhende

(NPK): Gulsporv er av Norsk Ornitologisk Forening plukka ut som Årets fugl 2021. Grunnen er at arten dessverre er i tilbakegang.

Som hekkefugl er gulsporven utbreidd over det meste av landet, og i alle fylke, fortel NOF på nettsidene sine.

At gulsporven likar så godt korn er nok ein viktig faktor for utbreiing og førekomst. Dessutan finst han ofte i tilknyting til dyrehald, og då særleg hest, som også likar havre veldig godt.