Fartøy fekk motorstans på Stadhavet

Nyhende

Hovudredningssentralen i Sør-Norge melde klokka 6.30 om at redningshelikopter og redningsskøyter samt alle naudetatar var sendt til Stadt etter at eit fartøy melde om motorstans og framdriftsproblem.

Det var sterk pålandsvind i området og situasjonen var uavklart.

Hovudredningssentralen koordinerte innsatsen.

Klokka 07.00 er oppdateringa at fartøyet rapporterte at dei hadde fått start på motoren og gjekk for eiga maskin, og at Hovudredningssentralen kansellerte alle ressursar og takka for innsatsen.