Sagastad har fokus på utvikling

Førebur sjøsetting av Myklebustskipet

– I framtida skal det å oppleve det store treskipet på fjorden vere ein del av det Sagastad tilbyr. Det fortel dagleg leiar i Sagastad Drift AS, Eli Førde Aarskog.

SKIP PÅ FJORDEN: Det vert jobba målretta for å lage til eit enkelt system for å få vikingskipet ut og inn att i naustet på ein lettvint måte, og at publikum skal kunne få vere med Myklebustskipet på fjorden. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Myklebustskipet har no fått namnet MYKLEBUSTSKIPET

Nyhende

Sjølv om pandemien set det meste av kulturopplevingar på vent, så rår det stor framtidsoptimisme på Sagastad. Eli Førde Aarskog opplever stor interesse for å sjå vikingskipet på fjorden, og dette er noko som det vert jobba målretta med å få til. Ho fortel at dette er eit krevjande arbeid, som både omfattar planlegging, investeringar og diverse løyve som må vere i orden, mellom anna for å kunne ta med folk ut i båten. Skipet blir registrert i sjøfartsregisteret etter ny forskrift om store treskip.