Branndrama på «Knoken» i februar 1972

I nitida søndag kveld og morsdag 13. februar 1972 brann Tingvoll, på folkemunne kalla «Knoken», ned til grunnen. I bygget heldt Fjordane Folkehøgskule til, og skulen stod på bar bakke etter brannen.

FOLKEHØGSKULEN 1961: Omgitt av finne flate marker før det store skuleutbygginga på Nordfjordeid. FHA/ L. LUNDE 

Klede som hang til tørk nær ein svært brannfarleg stråleomn, datt ned på omnen, og dermed var katastrofen eit faktum.

Nyhende

Fjordabladet skreiv utførleg om brannen, som tok til i ein av elevhyblane på skulen. Ingen av elevane kom til skade under brannen. Ein reknar med at verdiar for 1,5 millionar kroner gjekk tapt. Bygget var fullverdetrygda for vel 1,3 millionar kroner. Lokalt brannvern kom snart til staden, men elden hadde fått så godt tak at huset ikkje stod til å berge. Brannvernfolk frå Stryn, Måløy og Sandane kom og til brannstaden.