Vêr, klima og kvikkleireskred

Ifølgje NVE har vêret liten eller ingen betydning for utløysing av kvikkleireskred.

Kart frå NVE, soner for kvikkleirekartlegging i tidlegare Eid kommune. 

Nyhende

Utvasking av salt i leira er ein prosess som går over fleire hundre eller tusen år. Klimaendringar spelar ingen vesentleg rolle når det gjeld denne prosessen. Dei fleste kvikkleireskred vert utløyst av menneskeleg aktivitet, men kan også verte påverka av erosjon i elver og bekkar. Auka erosjon som følgje av hyppigare og større flaumar, kan fram-skunde kvikkleireskred. Dette er også langsame prosessar som går over år. Derfor er det særleg viktig å kartlegge kvar det er kvikkleire, følgje med på elver, bekkar og erosjonsprosessar og utføre sikring der det er behov for det.