Streik i private barnevern- og omsorgsbedrifter

Det er streik i den private barne- og ungdomsverntenesta og andre verksemder innan privat omsorgs- og velferdstenester frå laurdag morgon.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Meklinga mellom NHO Service og Handel, Abelia og NHO og Parat for tilsette i den private barne- og ungdomsverntesta og andre verksemder innan privat omsorgs- og velferdstenester enda i streik frå arbeidstidas start laurdag morgon.

Parat har mekla saman med YS-forbundet Delta og parallelt med Fagforbundet og Fellesorganisasjonen (FO).

Parat sin forhandlingsleiar, Kjell Morten Aune, seier til Parat24 at hovudmålet var å få til ein større grad likeverd i løns- og arbeidsvilkår mellom offentlege verksemder innan velferdsområdet og private velferdsaktørar.

– Dessverre viste NHO og landsforeoningane ikkje tilstrekkeleg vilje til å kome oss i møte under meklinga. Parat, i likheit med Fagforbundet, hadde vi dermed ikkje anna moglegheit enn å bryte meklinga, seier Aune i ei pressemelding frå Parat.