Sognekraft går saman med TAFJORD, SFE og Tussa

Kraftkonserna TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tussa får med seg Sognekraft i det nye fusjonerte selskapet for kraftomsetnad. Med over 100 000 straumkundar og ambisjonar om vekst tek dei opp konkurransen med dei store aktørane i marknaden.

Det nye selskapet får ein desentralisert struktur med kontoradresser og arbeidsplassar som her på Sandane (SFE), i Ålesund (Tafjord), Ørsta (Tussa) og Vik (Sognekraft).  Foto: SFE

Nyhende

Det er fire sterke merkevare på Nordvestlandet som no går saman. Å framleis ha ei sterk lokal forankring er ein viktig del av strategien, både med tanke på kundeservice og arbeidsplassar. Selskapet skal vere ein kundenær og innovativ energiaktør, som tilbyr framtidsretta og berekraftige løysingar til kundane. Det er konserna sine selskap som driv sal av straum til privat- og bedriftsmarknaden som no fusjonerer. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

Desentralisert struktur

Det nye selskapet får ein desentralisert struktur med kontoradresser og arbeidsplassar på Sandane (SFE), i Ålesund (Tafjord), Ørsta (Tussa) og Vik (Sognekraft).

– Vi endrar strategien vår frå å stå åleine om straumsal til å gå inn i eit større fellesskap til det beste for kundane våre, fordi vi såleis vil styrka konkurransekrafta vår. Straumbransjen står framfor store endringar som følgjer av digitaliseringa, og her vil vi vere i front. Dette gjer vi best saman med TAFJORD, SFE og Tussa. Gjennom dette selskapet får vi eit langt sterkare fag- og kompetansemiljø for utvikling av framtidsretta produkt og tenester, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Felles verdiar

Han legg til at felles verdigrunnlag og felles semje om desentralisert struktur har vore heilt avgjerande for at Sognekraft vart med i fusjonen. TAFJORD, SFE og Tussa har utvikla planane om eit felles straumselskap over lang tid, medan Sognekraft vart invitert med i fjor haust.

– Dette blir eit knallsterkt lag. Samstundes vil dette samarbeidet gje oss auka kraft til å utvikle Sognekraft vidare, og såleis sikre eksisterande arbeidsplassar og vonleg skape nye, seier Terje Bakke Nævdal.

– Vi er glad for at Sognekraft ville vere med i det nye selskapet. At Sognekraft no vert med i partnarskapet stadfestar at vi andre har gjort rette val på vegen, og at partnarskapet er ei konkurransedyktig plattform for vidare strategisk utvikling, seier Erik Espeset, styreleiar i det nye selskapet.