Skreiv ut gebyr og mangellapp

Illustrasjonsfoto 

Nyhende


Statens vegvesen har i dag gjennomført kontroll på Kjøs. Ein lastebilsjåfør fekk 1200 kroner i gebyr for ikkje å ha med tilstrekkeleg med kjetting under køyring .

Ein sjåfør fekk 8000 kroner i gebyr for ikkje å ha godkjende vinterdekk på bilen sin. Han hadde fire dekk som ikkje var godkjende etter krava.

Ein lastebileigar fekk mangellapp fordi underkøyringshinderet på bilen var defekt.

Eit vogntog som transporterte fersk fisk hadde avrenning frå lasta. Han vart parkert og må stå til det slutta å renne vatn frå lasterommet.