Det har blitt laga store mengder med kunstsnø dei siste dagane på Harpefossen skisenter, og onsdag kveld gjekk maskinene for alvor i gang med dosing og planering av snøhaugane i nedre delar av anlegget.
Snøkanonane går for fullt
På Harpefossen skisenter tek dei sikte på å opne til helga. Snøkanonane går for fullt og produserer 11.000 m3 snø i døgnet.
‒ Vi er inne i ein periode med strenge råd når det gjeld smittevern, så den fyrste helga har vi ikkje open kafé eller skiutleige.
‒ Det blir ope i billettbua, men vi har open nettbutikk og ber om at våre gjester i størst mogeleg grad kjøper billettar der, seier Åsebø..
STOR AKTIVITET: Det er stor aktivitet på Harpefossen skisenter no i forkant av sesongopninga. Foto: Harpefossen skisenter