Opposisjonen seier Gjerdrum-granskarar må sjå på kvikkleirefaren i heile landet

Folk bur på kvikkleire over heile landet, og derfor må ekspertgruppa etter Gjerdrum-skredet gå breitt ut, meiner opposisjonspartia på Stortinget.

Eit eksternt ekspertutval skal finne ut kva som førte til det veldige og fatale kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum i jula. Opposisjonen på Stortinget ber om eit breitt mandat som ser på kvikkleireutfordringar i heile landet. Bilde frå Gjerdrum tatt med drone av området der eit stort leirskred øydela fleire bustader onsdag 30. desember. Sju personar er funne omkomne og tre er framlei sakna.  Foto: Anders Martinsen, UAS Norway / Pool/NTB

Nyhende

Torsdag kveld varsla olje- og energiminister Tina Bru (H) at regjeringa raskt vil nedsette ei ekstern ekspertgruppe som skal undersøkje kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum i jula. Sju personar er funne omkomme, medan tre framleis er sakna etter det massive skredet som ramma eit bustadfelt midt på natta.