Tala kjem fram i ei undersøking NHO Reiseliv har utført i perioden 3.–7. januar i år. Konkursfrykta er om lag like stor blant reiselivsbedriftene i alle dei tre vestlandsfylka. Det vil med andre ord seia at rundt to av fem reiselivsbedrifter på Vestlandet fryktar dei ikkje vil greia seg.
Mange reiselivsbedrifter på Vestlandet fryktar konkurs
Rundt 40 prosent av reiselivsbedriftene til NHO Reiseliv i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal meiner det er ein reell fare for at dei kjem til å konkurs på grunn av koronapandemien, viser ei fersk undersøking.
ANNLEIS ÅR: Reiseliv er ei viktig næring på Vestlandet. Vanlegvis strøymer turistane til dei mest populære turistmåla i hopetal. Det siste året har det vore annleis. No fryktar mange reiselivsbedrifter på Vestlandet at dei kjem til å gå konkurs. Her frå Aurlandsfjorden. Foto: Sara Johannessen Meek
Nyhende