Klimaplan varslar kraftig auke av CO2-avgifta

I den nye klimaplanen går regjeringa inn for ei skjerping av CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er klar med ein ny klimaplan for 2021–2030.   Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Nyhende

– Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding fredag.