Hoppar av glede over plussår

Sunkost har godt over 10 prosent omsetningsauke i koronaåret 2020.

PLUSSÅR: Dei gleder seg over auka omsetning. F.v. Monica Haugland Ludvigsen og Lene Ueland gleder seg.   Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Det mest selde er produkt som hjelper med søvnen om natta. Det har det gått ganske mykje av. Det tyder at folk har vore urolege, og vil prøve det som ikkje er vanedannande produkt. Elles har det gått mykje D-vitamina og andre immunstyrkande produkt, fortel butikkdrivar Monica Haugland Ludvigsen. Ho konstaterer at det har vore eit utfordrande år for alle, då det i mars vart nedstengde butikkar og kortare opningstider.