Dette skjedde i natt

13 meldingar om uro

Vest politidistrikt har natt til søndag fått inn 13 meldingar om forstyrring av nattero, men ikkje alle var grunna musikk og fest.

Det er ikkje meldt om større hendingar natt til søndag.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Så langt denne jula har det vore roleg, og ifølgje Vest politidistrikt har det ikkje vore meldt om alvorlege eller større hendingar natt til søndag heller. Det har kome inn 13 meldingar som går på høg musikk og forstyrring av nattero. Desse 13 meldingane vart alle løyst med munnlege pålegg. Ifølgje politiet var det ikkje alle meldingane som gjekk på musikk og fest, det kom også melding om at ein mann hengte opp terrassevarmar rundt klokka 01. Banking og boring var involvert.

Sunnfjord

I Førde vart det klokka 01:59 meldt om slåsting/amper stemning i sentrum, mellom anna eit kjærastepar. Ingen var skadd og ingen ville melde det til politiet.

Uthus brann ned

Vest politidistrikt har også fått melding om eit uthus som har brent ned ved Indrehus, Bremanger. Naudetatane rykte ut, og alle personane vart evakuert frå området. Like før klokka 08 søndag meldte Vest politidistrikt om at uthuset er heilt nedbrent. Hovudhuset skal ha tatt fyr, men brannvesen har kontroll på dette. Det vert drive ettersløkking.