Dette skjedde i natt

Åtte pålegg om å dempe feststøy

Det har vore ei roleg natt for politiet i Vest politidistrikt

Det har vore ei roleg natt for Vest politidistrikt.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vest politidistrikt melder om ei jamt over roleg natt til 2. juledag. I natt vart det gitt åtte munnlege pålegg om å dempe musikk og feststøy rundt om i Vest politidistrikt.

Steinras

I tillegg til dette fekk politiet i natt melding om steinras mellom Innvik og Utvik ved Frøholmen på fylkesveg 60. Ifølgje politiet vart ingen personar eller bilar tatt i raset. Det var store steinar som kom i raset, og VTS sende ut entreprenør for vurdering. Rundt klokka 06 meldte politiet at entreprenør hadde rydda vegen og den var open for fri ferdsel. Det vert ny vurdering og sjekk når det er dagslys, meldte dei då.

Roleg jul

Ifølgje Vest politidistrikt har det så langt vore ei roleg julefeiring utan mykje å melde ifrå om. I Nordfjord har det vore roleg, men natt til 1. juledag vart det meldt om ein bil som hamna på taket ved Flister på Seljevegen.


Bil hamna på taket

Natt til fredag var ein bil innvolvert i ei ulukke i Selje.