Bil hamna på taket

Natt til fredag var ein bil innvolvert i ei ulukke i Selje.

Ein bil hamna på taket i natt i Selje og naudetatane rykte ut.  

Nyhende

Vest politidistrikt fekk klokka 02:43 melding om ei trafikkulukke ved Flister på Seljevegen. Ein bil hamna på taket i eit forsøk på å unngå hjort. Vegen vart sperra og naudetatane rykte ut til staden. Ifølgje Statens vegvesen vart vegen opna for trafikk ei stund etter ulukka.

Ifølgje politiet var det to personar i bilen, og begge skal ha vore vakne og bevisste. Desse to meldte sjølv om ulukka.