To dagar på rad utan positive prøver

Dei to siste dagane har Helse Førde ikkje analysert positive prøver. I løpet av dei siste åtte dagane har fire av 1261 prøver analysert vore positive.

Ein må tilbake til laurdag for å finne ei positiv prøve analysert i Helse Førde.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon var det ingen positive prøver måndag. Helse Førde analyserte 229 prøver. Dette er andre dagen på rad utan ei positiv prøve etter at Helse Førde analyserte 78 prøver søndag. Sist positive prøve analysert i Helse Førde var laurdag. Då analyserte Helse Førde 91 prøver og ei var positiv.