Redningsaksjon i Loen - vert frakta til sjukehus

Tysdag kveld har ein person falt eller sklidd i Loen og politiet leiar no ein redningsaksjon.

Ein person skal ha sklidd/falt og skada seg i Loen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt på Twitter leiar og koordinerer politiet ein redningsaksjon i Loen, ved Via Ferrata.

Det skal vere meldt om ein person som har sklidd og/eller falt og skada seg. Nøyaktig stad skal vere noko uviss. Ifølgje politiet er det utfordrande vêr.

Klokka 22:15 melder Vest politidistrikt at redningshelikopter har prøvd på søk, men det er ikkje godt flyvêr. Frivillige frå Røde Kors har tatt Skyliften opp og tar seg ned til vedkommande til fots. Ifølgje politiet har Røde Kors kontakt med vedkommande på telefon og personen kan seie kvar han er.

Like etter klokka 22:30 melder politiet at Røde Kors er i kontakt med vedkomande, som skal vere bevisst men litt kald og har smerter etter fallet. Ifølgje politiet må personen berast ned på båre slik vêr og terreng er per no. Det vert jobba med å få han ned samt legetilsyn. Det skal vere ein lege på redningshelikopteret som står i Loen.

Onsdag morgon vert det meldt at den skadde personen er nede, og skal vere bevisst og stabil. Personen vert frakta til sjukehus med helikopter.