Solistlaget klart for Jorden Rundt på 80 dager

Den kjende og populære romanen Jorden rundt på 80 dager av Jules Verne er sjølvsagt grunnlaget for musikalen med same namn, som skal ha norgespremiere i Operahuset Nordfjord 29. september 2021.

Solistlaget i Opera Nordfjord si oppsetting av Jorden Rundt på 800 dager. Øvre rad frå ventre: Magnus Dorholdt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann-Helen Moen. Nedre rad frå venstre: Beate Mordal, Jan Erik Fillan, Camilla Stenhoff Vist og Trond Grudevold.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Solistlaget er endeleg klart: Magnus Dorholt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann-Helen Moen, Beate Mordal, Jan Erik Fillan, Camilla Stenhoff Vist og Trond Gudevold skal ta publikum med på ei fantastisk reise rundt jorda, der det meste kan skje! Det kunstnariske teamet er allereie i gong med dei første produksjonsmøta for å sørge for at forestillinga vert ein fryd for både auge og øyre: Regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, koreograf og regiassistent Toni Herlofson, scenograf Plamena Dicheva, lysmeister Ovar Holmen og rekvisitør Anndi Bergset har ei stor oppgåve i året som kjem, der dei kunstnariske idéane skal settast ut i livet med god hjelp av operakoret, eit stort dugnadsapparat og lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule.