Krisestøtte til 23 aktørar gjennom Sogn og Fjordane musikkfond

─ I desse tider er det vanskelegare å tene pengar som artist og musikar. Dei kronene som kjem går som regel direkte til mat på bordet. Då gjer det ekstra godt med midlar som er øyremerka og skal gå til utvikling av ny musikk. Ein veldig fin julepresang, seier Line Dybedal.

Med ekstra midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sparebanken Vest og Vestland fylkeskommune fikk heile 23 aktørar ein hyggelig førjulsbeskjed. 

Nyhende

Sogn og Fjordane musikkfond (SOMU) er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar frå Sogn og Fjordane. I år vart søknadsordningane gjennom SOMU bytta ut til fordel for ei krisestøtte til ein bransje som har blitt hardt ramma av strenge restriksjonar. Med ekstra midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sparebanken Vest og Vestland fylkeskommune fekk heile 23 aktørar ein hyggeleg førjulsbeskjed.