Mykje å glede seg til på Teater Vestland

I januar tar Cecilie Grydeland Lundsholt over som sjef på Teater Vestland, og i vår presenterer teateret fem nye framsyningar.

Cecilie Grydeland Lundsholt tar over som teatersjef på Teater Vestland i januar. Foto: Espen Nyttingnes 

Nyhende

I 2021 opnar Teater Vestland, regionteateret i Sogn og Fjordane, ei ny turnerute, ei brei satsing på teater for barn og unge og ei utforsking av teater utanfor den tradisjonelle teatersalen.