To nye koronasmitta i Nordfjord

Tysdag 15. desember testa to personar i Nordfjord positivt for covid-19 smitte.

To personar testa positivt for covid-19 tysdag etter at Helse Førde analyserte 177 prøver.  

Nyhende

Etter tre dagar på rad med ingen positive prøver, er to av prøvene som Helse Førde analyserte tysdag positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Helse Førde analyserte tysdag 177 prøver, det høgaste talet så langt denne veka, og to av prøvene var altså positive. Ifølgje Helse Førde er dei to prøvene tatt i Gloppen kommune og Stryn kommune.