Helse Førde:

Tre dagar utan positive prøver

Måndag var ingen av dei 157 analyserte prøvene positive. Det er no tredje dagen på rad at ingen av prøvene analysert i Helse Førde er positive.

I løpet av dei tolv siste dagane har fire av 2016 prøver vore positive, ifølgje Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon er ingen av covid-19 prøvene som har blitt analysert dei siste tre dagane positive. Laurdag vart det analysert 165 prøver, søndag vart det analysert 50 prøver og måndag vart det analysert 157 prøver. Ein må no tilbake til fredag 11. desember for å finne ei positiv prøve.